Vi er komne langt inn i hausten og på god veg mot vinteren. Naturen har haustkåpa på og i år er den vakker. Synd at det er så lite soldagar som gjer dagane vakre, men vi får nyte det som er.
Forrige veke var det som nemnt tid for symjing igjen og litt små turer på jobb. Fredag lånte eg vesle Mathias medan mora forbereda namnefest. Sidan han ligger i barnevogn er det velsig greit å gå medan han skal sove. Vi gjekk ein lang tur på godt over 10 km i eit nydeleg haustvær med passe temperatur.
I dag har eg vore på spinning på føremiddagen og kjenner at det gjorde godt med litt pes. Jaudå, det er liv i det gamle skinnet.
Kjenner det på kroppen at vi går mot kaldare tider og ulla er komt langt fram i skuffer og skap. Murrande smerter i heile kroppen og for tida er det rygg og nakke som protesterer ein smule. Har voltaren og må få lagra opp litt paracet slik at eg kan ta knekken på faenskapet når det slår til. Kjenner teikna godt etterkvart så det er berre å forbygge. Men, passar eg på å vere i aktivitet nokre timar i veka så held eg smertenivået nede på eit leveleg nivå. Takk og lov at eg ikkje har så mange kilo og drage på lenger. Det gjer dagane lettare å bere.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar