onsdag 10. oktober 2012

Stabile tider

Snøen ligg langt ned i fjella etterkvart og eg er no på alvor starta opp med inneaktivitetane for vinterehalvåret. Kan hende det vert nokre turar til på støylsvegen, men eg har ikkje noko planar for fjellturar. Tysdagane er fast svømmedag så det er greit. Ellers så er det turnusen som styrer om det vert ei økt til med svømming eller eit par med runder med spinning. Det vert planlagt veke for veke.
Ellers så er det bra med meg. Vekta er rimeleg stabil på 58 +/- alt etter som kor hormonane lever. Matrutinane er vel innarbeida, porsjonane er små og måltida er 4-6 for dag. Brødmat ligger tungt i magen, men rista brød og knekkebrød er gode alternativ. Snop og godteri i helga og ellers knaskar eg litt på frukt og grønsaker. Ymse nøtteblandingar er godt etter ei god mosjonsøkt.
I går var eg i bassenget og svømde dei vanlege 1500 meterane og i dag var eg på ei sprek spinningsrunde på Skei. Vonar på pent vær og ein spasertur på laurdag.

Ingen kommentarer: