tirsdag 2. oktober 2012

Svømmetid

Då er eg endeleg kommen i gang med å svømme i bassenget i Førdehuset. Det har vore lang tid utan denne mosjonen no sidan eg vart sjukmeld i mai, ferie og stenging av bassenget grunna oppgradering.  Trudde at det blei hardt og ta til att etter 4månader utan svømming, men jammen fekk eg opp farten og fekk gjort unna 1500 meter i kveld. Slett ikkje verst for å sei det sjølv. Eg er absolutt i gang med verdas herlegaste form for trening.


Ingen kommentarer: