Det har vore ein fin dag i dag. Starta stille og roleg med innesysler før eg reiste på personalmøte og traff gjengen etter gammalt. Det var koselig. Ser fram til å begynne i jobb igjen i veke 49.
I kveld har eg vore i bassenget og der vart det jammen 1500 meter. Back in business :o)
Ser også ut som eg må ha meg ei ny runde i klesskåpet. Ein del romslege klede igjen. Jaja.
Det er vinter og kaldt her på Jølster så eg må kle godt på meg når eg skal ut og gå, men det går fint. Liker ikkje å fryse så eg er godt førebudd før eg stikk nasa ut for døra.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar