Har vore hos fastlegen i dag til ein liten sjekk og utfylling av skjema som skal sendast til FSS, kirurgisk avd. Han synst eg såg bra ut og var fornøgd med blodtrykket, så det kan hende at eg snart slepper og ta blodtrykksenkande medisin.
Ellers har eg hatt ein fin dag i lag med søsteren i Førde, heime og i bursdagen til Nicholas. Der fekk eg funlight-saft og knekkebrød. Pålegg hadde eg med sjølv. Så kunne dei andre berre sitte der med blautkake, sjokoladekjeks og kakemenn. Eg hadde det fint.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar