mandag 15. november 2010

Bukse-kjøp og vekt.

Har vore i Førde i dag og handla litt. Etter å ha dradd opp buksa tusen gonger tok eg strake vegen til Kapp Ahl for å sjå om det var noko å finne. Fann to stk. bukser som er brukande og eg vonar at eg kan bruke dei ei stund. Klede må eg ha. Kan ikkje gå rundt som ein slaur sjølv om eg tapar vekt.
Sidan det er måndag var eg på vekta i dag og tala var: 83,2 og det er ein BMI på 35,5. Det går nedover :o)

Ingen kommentarer: