søndag 21. november 2010

Laurdagsplasking og helgekos


Dagene går og formen er stigande. Det går fint og starte i jobben om to veker, tenkjer eg. Det er rimeleg kaldt for tida og det skal visst verte rimelig kalde grader utover i veka. Husj!
I går, laurdag, var eg i bassenget kl.10.00 om føremiddagen og svømte 1500 meter. Fin måte å starte dagen på. Skulle ønske at ein kunne gjere det andre dagar i veka.
Når det gjeld maten prøver eg meg fram til kva magen likar/ikkje likar. Fredag prøvde eg meg på reker,men det vart liggande tungt i magen såeg trur eg venter litt med det. Etter 7 stk. følte eg meg stinn.
Har og ete clementin, men det er litt putlete når eg skal ta vekk skinn og trevler.Men du og du kor godt det er.
Laga laurdagsmat med karbonadedeig og kyllingkjøtdeig i går. Brukte First Price sin pastasaus og hadde i sopp og tomatpurè. Det var godt. Karane hadde spaghetti til, men det kutta eg ut for å få i meg det som er mest proteinar i.
I dag trur eg det vert oppskåren kyllingfilet med diverse krydder og saus eller mager kesam til.

Ingen kommentarer: