fredag 27. januar 2012

Godt og vel halvert

Ja, dette tenkte eg ikkje på før Cecilie frå vektoperasjon.no peika på at vi har meir enn halvert vekta vår. Eg veger 2 kg mindre no enn kva eg har gått ned. Det er sjukt, sjukt, sjukt. Eg klarer ikkje å løfte 58 kg ein millimeter frå bakken og det gjekk eg rundt og bar på. Det er ikkje rart at kroppen knirkar i utsletne ledd.
Mitt største ønske er at helsemyndigheitene kan sjå nytta i å tilby folk hjelp og behandling før problema vert så store at ein vert uføre og ein stor utgiftspost. 
Eg fekk hjelp i tide og takk for det.


I dag er det kvile i heimen for å jage vekk ei lita forkjøling som herjer i kroppen. Appelsinjuice, sitroner, honning og te. Får tru det virkar.


Ingen kommentarer: