lørdag 21. januar 2012

Effektiv raserigange

I dag har eg hatt meg ein vel 8 kilometer lang tur i rein frustrasjon og boblande sinne. Brått kjende eg att no var det nok. Det finst mennesker som kan få meg eitrande forbanna når dei set seg på sin høge hest og hevdar at deira meining er den einaste sanning.

(Nei, det er ikkje "Maratonmannen" for vi har ein fin dialog og er egentleg svært einige om det meste med unntak av det vi er ueinige om).

Det hjelper med raserigange. Den siste kilometeren var lett og fin og eg kjende at eg kunne tilgje dei fleste for sine feil og manglar og etterkvart innsjå at eg må leve med mine egne. No veit eg kva eg skal gjere neste gong det rasar i sinnehormonane. Turen gjekk frå golfbana, sørsida opp til Vassenden, rundt Gjesdalen og nedatt sørsida til bilen som stod parkert ved klubbhuset på golfen.
Og på mp3`en gjekk Within Temptation for fulle muggar.

Ingen kommentarer: