I går var eg avgarde og kjøpte meg ein ny badedrakt. Det var på tide og litt komplisert. Jau, eg fann omsider ei drakt som ikkje var open heilt ned til rompa i ryggen og tok med meg to i ulik storleik for sikkerheita si skuld. Vel, dei var for store så eg måtte finne ei mindre. Vasa rundt i strømpebukse og t-skjorte og fann fram ei som passa. Det er tydeleg at haudet mitt ikkje henger heilt med i nedgongen og ikkje taklar mindre storleikar endå. Det kjem seg vel.
I kveld har eg testa drakta og den funker fint. Svømt mine vanlege 1500 meter og er no herleg sleten. Svømmeforbundet har ein konkurranse der ein vert med i trekning av ein tur visst ein svømmer 10 000 meter innan mars. Eg har registrert 3000 m denne veka så det er berre 7000 m igjen. Det gjer eg fort unna :o)
( Slik ser den nye badedrakta ut berre at "pønten" på sidene er lys blå)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar