mandag 10. januar 2011

Gnaging av navlestreng og veging

I ettermiddag var heile familien i Førde nokre ærend. Hovedsakleg for at Henrik skulle ha seg noko naudsynt småtteri med seg når han reiser i militæret i morgon. Jadda, eg set her og gneg på navlestrengen og synst det er litt rart at han skal reise langt mot nord. Vi kosa oss på Peppes` der karane åt pizza frå "buffet". Eg fekk ta eit stykke og kun betale litt. Det synst eg var fint. Strevde litt med å få i meg heile stykket, men med litt tid gjekk det ned.
No har Henrik pakka og er klar for avreise i morgon tidleg-tidleg. Jaja.......

Sjølv har eg vore på vekta i dag og der var det fine tal. 76,6 kg og det går nedover. Godt fornøgd.


Ingen kommentarer: