tirsdag 14. desember 2010

Julegåvepakking og symjing

Fridagen har vore nytta til å pakke inn gåver som skal sendast med posten. Koser meg med band, julepapir og julesongar frå pc`en. Er mykje fint både på Wimp og Spotify. Seianre i veka står julekorta for tur og så er ein vel snart i mål i år også, vil eg tru :)

I kveld har eg vore i bassenget og gjort unna dei vanlege 1500 meterane. Etterpå var det heim og lage seg litt eggerøre og skjere opp ein bit med røykelaks. Det smakte verkeleg godt. Har også fått på meg ei heilt ordinør dongeribukse som er kjøpt på ein vanleg butikk.Fekk den av søsteren og er glad for at noko som ho har brukt faktisk passar meg.

Ingen kommentarer: