mandag 13. desember 2010

Juehandel og veging

I dag har eg vore i Førde og gjort meg nokolunde ferdig med julehandelen. Ser ut som om det vert lite stress i år.  Men så har eg øvd på dette i ein del år og ein gong må ein vel få det til.
Det vart middag på kafè i dag. Ole kjøpte seg steikt svinekjøt og eg hjalp han med litt kjøt og kålrabistappe. Vi treng berre ein porsjon vi to på "Napoleon" :-)
Ellers har eg vore på vekta i dag og den viste 79,8 kg! Eg er kommen under 80-talet! Hurra!

Ingen kommentarer: