Som ellers rundt om i det sørlege landet er det kaldt her på Jølster òg. -15 er meir kva eit giktbrote skinn som meg kan tole. Det knirkar i alle ledd. Høgre kne,begge handledd og enkelte fingrar er vonde. Eg rører på dei så mykje som mogleg for å halde dei nokolunde varme. Det lindrer litt. Er nok litt prega og ekstra trøtt av dette.
Har ikkje vore og svømt denne veka, men eg satsar på at det vert ei runde på laurdag.
Føler at eg er kommen i gang med gode matrutiner etterkvart og ting er blitt ein vane. Det er dette med å få i seg nok væske som er utfordringa, men det er eg ikkje aleine om her i verda og er ei sak og jobbe med.
Har funne eit belte som eg bruker på ei av buksene no slik at den held seg oppe. Hehe....belte. Kven hadde trudd det for eit år sidan :o)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar