I dag er det nøyaktig seks veker sidan eg var operert og eg kjenner meg i fin form. Er lukkeleg for at det ikkje har vore noko form for komplikasjonar eller plagar med unnatak av dei eg sjølv gjev meg med å gløyme etefarten.
Er ikkje sjukmeld lenger og denne veka har eg ferie. Det kjennest godt. Eg tusler litt rundt i heimen og passar omnen. Strikker lilla julekule med gullhjarte og spelar julemusikk. Heimen er pynta for advent så no kan julemånaden komme.
Var på vekta i dag sidan det er måndag og den synte 81,3 kg. Nærmar meg så eg kan sjå 70-talet! Eg frydar meg :o)
Merkar etterkvart når eg begynner og ete meir og meir vanleg mat at smaken har endra seg noko. Det salte er meir salt og det søte meir søtt enn tidligare. Skjønar ikkje kvifor, men slik er det for meg no.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar