fredag 5. november 2010

Klesskåp og jobbvisitt

Bestemte meg for å sortere ut i klesskåpet mitt i dag. Der var mykje som eg ikkje skal ha på meg att, ja. Det vart ryddig og oversikteleg og ikkje så veldig mykje att inn i skåpet, men på golvet var det att ein stor haug. Må finne nokre sekker og ha det i og rett og slett få det på dungen.
Har også vore ein tur på jobben og snakka med kollegaer og bebuar. Det var fint å komme opp der igjen og triveleg med ein tur ut og prate med folk. Greit og følge med om det er nyhender når ein skal vere vekke nokre veker.
Det er fredag og ro i heimen.Fekk servert risgraut i dag og eg blanda cottage cheese i den for å å i meir proteinar og det var godt. Men det vart ikkje meir enn eit par tre spiseskjeier. Lite med plass i denne pinglemagen.



2 kommentarer:

Mallemor sa...

Tenk å hatt et slik walk in closset du.

Unknown sa...

Ja, tenk om. Med rikeleg innhald av klede og ikkje minst sko :o)