Sjølvom det har vore litt snøbyger inn i mellom i dag var det fint å gå tur. Var ein tur opp til Kvamsbua etter gammalt. Godt å kjenne at ein orker meir og meir. Då eg kom heim att laga eg meg eggerøre av eit egg og varma ei karbonade. Det vart ete i to økter for det vart for mykje med dette i magen min.
Seinare i dag var eg i feltet og besøkte Solvang Ripane og det var kjekt etter gammalt. Ungane underheldt med
sirkus.
Nicholas var veldig oppteken av at eg har operert magen og det virka som han skjønte at eg ikkje kunne ete det same som han. Men han synst synd på magesekken som var vekk. Herlege ungar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar