Tankane mine dreier seg mykje om dette om dagane og det er ikkje lett å konsentrere seg om så mykje anna. Rastløysa har gjort til at eg har fått gjort litt i huset og påført meg sterkare smerter i handledda. Men eg har då paracet og voltaren.
Eg kjenner meg klar for denne operasjonen no. Klar for å ta enda eit steg vidare på livstilsendringa der det no er kosten som skal bli sunnare. Det er mykje å forsake, men det skal eg jammen klare å leve med. Eg har då slutta å røyke!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar