torsdag 29. april 2010

Tankefull

Har i kveld vore i bassenget igjen og svømt 1500 m. Fekk då tida på og tenke på det som skal skje framover. Endå synst eg det er noko uverkeleg over det heile og undrar meg over at dette er sant. Leser brevet frå sjukehuset for å vere sikker på at det no kan skje noko. Torer liksom ikkje tru at eg endeleg skal få hjelp.Er litt redd for og få ein ny beskjed om at dette bør eg klare sjølv.
Og få hjelp til å redusere vekta er viktig for meg. Eg er no 47 år og har lyst til og ha nokre år som eit friskt menneske utan desse plagene som overvekta fører med seg. Vil prøve å unngå diabetes, og slutte med medisiner mot høg blodtrykk. Ønsker også at kolesterolen skal synke og vil ha det litt lettare og bære smertene i kroppen. Ønskjer også å bli kvitt søvn-apnèen slik at eg kan slutte med c-papmaskina. Dette er ein kamp som eg trenger hjelp til å vinne.

Ingen kommentarer: