onsdag 5. september 2012

Spinnvill

Då har kjerringa gjort noko som eg aldri har trudd ho skulle gjere. Eg har vore på min første spinningtime! Det var faktisk greit. Trur eg er i betre form enn eg har trudd sjølv. Det var ikkje noko særleg problem å følgje instruktøren. Riktig nok såg eg eit par horn i panna og eldsprutande auger på ho ei stund, men etter at eg fekk i meg litt vatn normaliserte ho seg. Tok meg litt ut i ein av frekvensane men det gjekk fint å hente seg inn att. Veldig glad for sykkelbuksa i alle fall og litt spent på kva musklar som dukkar opp i laupet av natta. Eit lite aber at det er så langt inn til Skei og kviafullt å køyre langs vatnet om vinteren, men eg får sjå det an. Tek ein time til neste veke.


Ingen kommentarer: