I dag nådde eg målet mitt om sju fjelltrimpostar i år. Det er då ein får ein liten premie som prov på at ein har vore med. Eg er stolt av å ha klart dette no når eg nærmar meg to år etter operasjonen og kan ikkje få sagt ofte nok kor glad eg er i mitt nye liv.
Sundsstøylen inn i Kjøsnesfjorden var posten som skulle knekkast i dag og eg traska meg oppover bratta og gjekk sjølvsagt utafor merka løype og var komt eit stykke før eg kom på å sjå etter raude merker. Såg støylen først og oppdaga at eg var på feil side av grova så eg måtte nedatt til eg fann merker som førte meg over på rett side. Det var ein nydeleg haustdag dette så eg tok meg god tid med nøtter, kjeks og vatn på støylsvollen.Anbefalast visst du likar og gå bratt i 40 minutter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar