lørdag 11. august 2012

Sykkeltur og refleksjonar

I dag har det vore eit vidunderleg sommarvær på Jølster og det har eg prøvd å nyte. Starta dagen med ein liten opprydning i yttergangen og hadde palanar om å vaske der og på badet. Men det gjekk ikkje slik som eg hadde tenkt. Vasspumpa gikk til dunders og den er vi avhengige av for å få vatn i springen. Håpa at husverten kunne fikse det, så medan eg venta på at han skulle komme heim sat eg i hagen og halvsov i sola. Det var deilig å kjenne litt sommarsol på kroppen. Det viste seg at det ikkje var noko å gjere med pumpa så her er det provisoriske løysningar fram til måndag. Det går greit. Vi kan dusje andre stader i bygda om det vert naudsynt.
Vel, det vart ikkje noko fjelltur i dag sidan mesteparten av dagen vart surra vekk med venting, så eg heiv meg på sykkelen og trilla inn langs sørsida av Jølstravatnet i ettermiddag. 10, 3 km til eg snudde og då vart det vel det same tilbake. Ein vakker tur i vakkert bilete. Lite trafikk og stille. Gjett om eg skal ta den turen oftare. Kanskje eg kjem meg heilt inn til Skei og tilbake i løpet av hausten?
Ellers så gjer eg meg ein del tankar for tida om kor heldig eg er som er operert i Førde. Der var eg trygg og kjente meg godt i vareteken og dei let meg ikkje reise heim før dei var sikre på at eg fekk i meg den væska eg trengde og at det ikkje var lekkasje og at eg kunne bevege meg fint. Ser i ulike fora  at folk forteller om at dei vert utskrivne etter eit døgn og må klare seg sjølve og vere aleine med utryggleiken ein kan kjenne på etter eit slikt inngrep. Eg trengte dei dagane på sjukehuset der eg kunne snakke med nokon om å verte operert i magen, få svar på dei tingene eg lurte på og ikkje minst vere trygg på at eg gjorde rett sjølv om det var smerter og plager etter operasjonen.  I ettertid har eg også hatt god oppfølging. Ikkje minst fastlegen er fantastisk oppteken av at det går bra med meg. Heldige meg.



Ingen kommentarer: