Vi er komne til siste halva av august og det er 2 månader til 2 årsjubileet for Sleeveoperasjonen. Det er fantastisk kor fort tida har gått og det har vore ein vedunderleg nedtur. Av og til undrar eg meg på om det er verkeleg og klyper meg i armen for å skjøne at eg verkeleg har fått eit nytt liv.
Slik som andre prater og eg leser i andre fora så opplever ein del at det er vanskeleg å takle tida etter operasjonen. Det er ein del som verkar svært uforberedt og redde på det som møter dei og er skuffa for at ting ikkje går som forventa. Ser også at nokre som er operert på private klinikker verkeleg strever meir enn meg og her er det ein del som spelar inn. Kortare liggetid etter inngrepet der ein ikkje får intravenøs næring lenge nok fram til ein sjølv klarer å få i seg nok drikke. Manglande oppfølging av fysioterapeut og ernæringsfysiolog før utskriving leser eg også om.
Sjølv hadde eg tre liggedøgn på avdelinga + det første døgnet på oppvakninga. Ro, fred og høve til å verte kjend med den nye magen og alltid nokon å prate med om eg kjende meg utrygg. Fysioterapi med pusteøvingar og rørsler for å forbygge lungebetennelse og blodpropp etter operasjonen to gonger dagleg og tilsyn av lege/kirurg kvar dag fram til utskriving. Eg kjende meg trygg og i vareteken og klar for å reise hem siste dagen. Tida etter har eg pgså kjendt meg i varetatt med kontrollar og anna oppfølging. Det har hendt ein gong at eg har ringt for spørsmål utanom oppsette kontrollar og då fekk eg svar på ein ordentleg måte. Det var verdt å vente på plass i det offentleg og ikkje minst er eg glad for all hjelp og støtte frå Førde sjukehus og fastlegen.
Ein annan ting eg stiller meg undrande til er den manglande eigeninnsatsen hos mange. Det verkar som at ein har gått til dette alvorlege steget som inngrepet er og trur at det skal vere lett. Enten er det for lite informasjon på førehand eller så har desse ikkje høyrt etter eller skjøna kva som er sagt. Sjølve inngrepet er berre eit verktøy for å få i gong ein prosess til vektnedgong som skal gjere det lettare å komme i aktivitet så ein kan halde vekta nede. Det gjelder det samme for oss opererte som får andre. Fin balanse mellom inntak av kaloriar og aktivitet der ein brukar energien i staden for å lagre den. Det er slikt som må peikast på under forberedingane til ein slik operasjon. Eg vert kjempefrustert når eg no skjønar at det er ulikt kor slike forberedingar vert gjort på ulike sjukehus/klinikkar. For at eit slikt inngrep skal lukkast må alt vere godt planlagt. Også vi som er overvektige må planlegge livet for å få til ein kvardag der vi kan leve med det arbeidet det er å gå ned i vekt. Det er ei stor omvelting for ei betre helse vi har bestemt oss for å ta. Ikkje ein lettvint måte for komme i nokre bukser på motebutikken.

3 kommentarer:
Litt skremmende lesning for meg som skal opereres privat og blir utskrevet etter 1 døgn. Men føler jeg er godt forberedt på denne operasjonen sånn mentalt. Har stått i kø i det offentlige i ca 5 år før jeg takket nei til plass for GBP i Bodø (ikke Sleeve der) pga graviditet og at jeg selv hadde klart å gå ned 30 kilo. Når jeg nå 3 år etter at jeg takket nei har bestemt meg for Sleeve privat er det etter masse undersølelse og lesing om operasjonen og ikke minst grubling på om dette er for meg. Tror jeg har rimelig kontroll på at jeg kan klare å bruke denne operasjonen til noe positivt. Gleder meg til kroppen blir lettere å ta med på aktiviteter som fjellturer, sykkelturer, trening osv !
Du er en inspirasjonskilde! ;-)
Martine D Martinsen
Det er viktig at ein er godt forberedt og eg ser at du har brukt fleire år på dette. Sjølv tenkte eg i tre år like fram til inngrepet og ser no at det var viktig med den tida før operasjonen.Angrer ikkje ein dag :)
Lukke til. Det vil helst gå bra, men ha med deg spørsmål og spør om det du tenkjer på medan du har nokon rundt deg. Det er når ein set aleine at dei stoer undringane kjem.
Flott lesing. Du er nok, som Martine skriver, en inspirasjon for mange.
Det er fantastisk å se bilder av den spreke dama du har blitt. Nyter det sammen med deg.
Legg inn en kommentar