Sjølv om det er rimeleg roleg på bloggen er det ikkje det same som at eg har gått i lås. Neida. eg styrer på. Har vore på bruktmarkedet og kjøpt meg ein sykkel. Ein god sykkel for 700 penger som verkar ganke grei for meg. Har vore to turar på Vassenden med den og kjenner at eg har brukt litt andre musklar. Jaudå, eg har funne ein aktivitet til som eg kan like. Kjekkt med litt variasjonar i treninga. Skulle ønske at det var meir sykkelvegar rundt om her. Føler meg ikkje trygg frå brua og innover til Langhaugane der gangvegen startar, men frå der er eg eplekjekk og trør til. Strever litt med å få utnytta utvekslingane/gira, men eg lærer det vel.
I dag har eg gått runden Kvamsstøylen, golfbana og sørsida av elva heimatt. Kjempefin tur det. Vonar at sommaren er på veg snart slik at ein kan få nytte fritida til turer på fjell og i skog og mark. Har eit par postar til på fjelltrimmen eg vil prøve meg på.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar