Vi nærmer oss midtsommar og sommaren skulle vore på veg, men den let vente på seg. Etter værmeldinga frå yr.no skulle det vore fint i dag, men det var berre av og til. Vel, eg kjenner at eg må komme meg i gong med litt aktivitet og fekk på meg turkleda og traska innover mot golfbana. Planen var ein runde rundt den, men eg heldt fram vidare oppover Bjørkelia i litt solgløtt, men mest skya heilt til griseværet slo til for fullt då eg kom opp til Kvamstøylen. I tillegg bles det kaldt så det var berre og gå vidare nedover skogsvegen og heim for å få på seg tørre, varme klede og få i seg varm drikke. Det var surt, ja. Eg liker ikkje å gå i regnvær og då er det godt med ei bok på øyret og vere oppteken av den i staden for å kjenne på det ubehaglege våte været. Men, no er det slik at skal eg halde formen vedlike og kroppen i orden så må eg vere litt i aktivitet. Slik er det berre.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar