I kveld bestemte eg meg for å få opp farten på skogsvegen opp til støylen, og det lukkast. 45 minutter er den nye persen på og det utan å svime av. På heile runden brukte eg 1 t 47 min. Litt skilnad på dei tre timane eg brukte første gongen. Ja, eg klarar! Det er herleg å vete at no er eg like sprek som dei eg har sett langs vegane i desse åra. Berre nokon nevnte ein kveldstur på 5 km fekk eg åndenaud og mindreverdskjensler. No er eg der sjølv og det kjennst godt.
Som de forstår velger eg utelivet framfor bassenget denne perioden det er så fint vær. Det blir heilt feil å ikkje bruke tida ute no.
Med Queen på mp3`en går det fort.
Her var det snø til leggen for 14 dagar sidan.
Eg er verkeleg glad i våren.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar