lørdag 19. mai 2012

Lysning

Dagen i går var beksvart og umogleg å sjå noko lysning. Det kom seg litt utpå kvelden, men det var godt å leggje seg i trua på at dagen i dag skulle verte betre. Og det vart han. Tidleg vaken, men eg kjende ei god ro i meg og bestemte meg for å ta alt med det positive. Det har vore ein fin dag. Var på Sparkjøp ein kjapp tur og kjøpte garnbunten eg mangla og heim til ymse små gjeremål. Har gått ein tur på nesten 9 km, montert ein genser, fiksa ei bukse til ein av karane og faktisk laga ein liten duk av noko gardinrester eg hadde liggande. Riktig nok ein liten duk, men med nokolunde rette saumar. Resten av kvelden skal eg no nyte og sjå fram til at det vert ein ny fin dag i morgon.


(Halgjera sett frå golfbana)

Ingen kommentarer: