Sjølv om det ser slik ut på bloggen ligg eg ikkje heilt på latsida. Riktig nok var eg noko forkjøla og i dårleg form i forrige veke, men det gjekk heldigvis over. Har gått eit par turar, ein på 6 km og ein på 9 km og svømt 1500 meter denne veka og det er bra. Den varme gode temperaturen er ikkje kommen endå, så ein må kle godt på seg og vere motiverte for å gå ut. Då er det greit å ha ein jobb der ein skal motivere andre til å bevege seg og følge opp aktiviseringa av desse. Når eg tenkjer tilbake på tida før vektnedgongen kunne eg ikkje jobbe på samme måten som no og var vel egentlig ikkje noko stor motivator og førebilete for andre. Det har endra seg no og eg kan bruke meg sjølv som eit verktøy i jobben. Betre helse gjer til at eg gjer ein betre jobb. Slik er det blitt.
1 kommentar:
Du har vært kjempe flink..:D
Legg inn en kommentar