mandag 16. april 2012

Vårkjensler

Sjølv om den gode temperaturen ikkje er kommen endå, er det fint å gå tur i det vakre vårværet. Sidan det er så mykje rettsaksending på tv er det flott med utevær og moglegheiter for å sleppe unna.
Det vart ein tur rundt Vassenden i dag òg. Det er ikkje så langt når været er fint og ein har ei spennande lydbok på øyret. Nesten 9 km (8,9) er heilt greit. 1t 36 min.


Ingen kommentarer: