Det er søndag og nok ei veke er til ende og kalenderen viser at vi nærmar oss vedunderleg mai. Værmeldingane ser bra ut og det kan vere mogleg at det vert eit auka uteliv. Det har vore rimeleg kjøleg fram til no, men eg har då varme klede som verkeleg har gjort nytta si.
Eg held fram med turane mine og symjinga som før. Sjølvsagt varierer aktiviteten litt etter dagsform og ikkje minst turnus, men minst tre gonger i veka skal eg ha rørt på meg i tre kvarter til ein time. Det er kravet eg har til meg sjølv. I tilleg til turen på støylen denne veka har eg vore og svømt 1500m og gått tre turar på 5 km. Som sagt tidlegare har eg ein jobb der eg kan få litt bonustrim inn i mellom når det lagar seg slik.
Når ein kjenner at ein er kommen på plass og oppnådd det resultatet ein ynskjer etter ein slik operasjon kjem ein inn i eit mønster der dagane er like og det vert ein del oppatt av innlegg på bloggen. Kan hende det ikkje er så intressant for andre det eg skriver, men det får berre vere. Når eg sjølv går tilbake til det eg har skreve ned tidlegare ser eg at eg har jobba bra med oppgåva eg har gjeve meg sjølv og fram til no vunne kampen mot overvekta. Hadde ikkje vore slik om eg ikkje hadde takka ja til den drahjelpa som operasjonen har vore. Difor anbefaler eg dei som har fått tilbodet om operasjon å ta i mot hjelpa. Det er ein for stor risiko og seie nei når legar og kirurgar anbefaler dette. Eg vert 50 år neste år og eg er då ei sprek dame med mange gode år føre meg. Dei skal nytast i store drag.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar