lørdag 10. mars 2012

Vandrar vidare

Mogleg det er på tide for litt oppdatering. Eg har det fint. Jobbar full stilling og dagane går unna i stor fart. Ute og går to til tre gonger i veka og svømmer som oftast to gonger i veka med hederlege unntak. Vekta er på lag stabil. Etter ha sett 55 talet på vekta er eg no på plass med 57-58 og eg har ei kjensle av at det er der eg skal vere.
Måndag gjekk eg litt over 8 km frå Holmen, rundt Gjesdalen og ned att til Holmen der eg hadde parkert bilen. Tysdag var det 1500 meter i bassenget. Torsdag var det 4,5 km Holmen, Vassenden, Holmen og i dag, laurdag vart det 1000 rolege meter i bassenget. Jaudå, eg rører på meg.



Ingen kommentarer: