torsdag 1. desember 2011

Adventstid

Endeleg er desember kommen og vi går inn i månaden då sola snur. Tanken på at det berre er tre veker til dette er oppløftande. Det har vore ein sørgeleg novembermånad med tanke på været og eg er kommen inn i ein form for dvalemodus med enkelte skippertak. Når det gjeld kosthaldet funkar det fint. Sunt og godt i veka med litt kos i helga. Mengda vert jo ikkje stor og det er då heilt naturleg med denne pinglemagen.
Vekta i dag viste 58 blanke kilo og det er ein Bmi på 24,8.Litt variasjonar er det sjølvsagt sidan eg no er ei dame i min beste alder med enkelte hormonelle utfall.
Denne veka starta eg også på full stilling igjen og det kan verte intressant. I tillegg til der som eg har vore no får eg eit par nye oppgåver som kan sjå spanande ut. Stadig på fram.
No er det adventstid og eg unner meg litt godteri som varm kakao, peparkaker og ein bit sjokolade i stormfyllte kveldar. Ein skal kose seg sjølv om kveldane er svarte og skumle.



1 kommentar:

lykkeogkaos.blogg.no sa...

Så flink som du er til å svømme, så MÅ du jo fylle på med litt energi *gliiis*

Kos deg med kakao, pepperkaker og sjokolade, du !