tirsdag 1. november 2011

"Perfect"

Ein liten lyd frå meg. Eg har det berre fint, men kunne tenkt meg litt penare vær så ein kunne gå seg nokre fleire turar medan ein har redusert arbeidstid. Ja, om ein månad skal eg ta til i full stilling etter å ha hatt eit år med sjukepermisjon etter operasjonen. Har stått i 70% av stillinga mi og har nytta dei resterande 30% til trening, mosjonering og styrking av helsa mi. No er eg verkeleg klar til å ta til med full innsats. Det betyr sjølvsagt at eg må legge litt om på aktivitetane, men eg skal prøve å få til at eg sym to gonger i veka og ein og anna tur inn i mellom. Det går seg nok til.
Forrige veke var det jo Hafstadfjellet på tysdag og bassenget på torsdag. I kveld har eg vore og svømt igjen. Det hender også at det vert ein og anna tur når eg er på jobb så eg er i aktivitet.
Når det gjeld vekta ligger den på 58-59 kg og eg er veldig fornøgd med dei tala. Kjennest ut som det er heilt perfekt for meg.


2 kommentarer:

Anonym sa...

HEi.

For en fantastisk blogg du har!!!!!
Den er så innspirerende.

JEg er også vektopperert, GBP.
og her minsu 50 kg...hurra.
Meeen har 10 kg igjen.

Du er så flink å trene, og der er jeg ikke flink nok.
Men du innspirerer....

Hilsen Eldbjørg Andrine

Unknown sa...

Så flott at bloggen min inspirerer og gratulerer med flott vektnedgong. Kosleg med tilbakemeldingar på bloggen og at folk likar den.