mandag 3. oktober 2011

Ny månad, ny veke.

Så er vi komne til oktober og det er snart eit år sidan operasjonen. Torsdag den 6. denne veka skal eg på 1årskontrollen og det er ein ny milepæl. Sjølv kjenner eg at eg er kommen i mål no som vekta ligger under 60 og vippar. Kleda er storleik M og S, 36/38 og eg likar det eg ser i speilet. Det er dei store skilnadane.
Så har vi dei små tinga i kvardagen som lyser opp. Det kan vere merksemd frå mennesker, opplevingar i prøverom, ein ring som passar att, ein fjelltopp eg har vore på og at eg kan verte rastlaus når eg ikkje har fått mosjonert nokre dagar.
Eg har tenkt å slutte med dei vekesvise oppdateringane på vekta. Eg er nok rimeleg stabil no med 2-300gram +/-. I dag viste vekta 59,7 og det er eg rimeleg fornøgd.
Ja, eg kan ikkje seie det ofte nok kor fornøgd eg er med denne sleeve-operasjonen og kor fint de har gått. Sjølv om eg ser annleis ut no enn for eit par år sidan så har eg ikkje endra meg som person. Berre litt gladare.



Ingen kommentarer: