Har vore i bassenget og svømt 1500 meter i kveld. Merkar at eg er betre i kroppen for det gjekk fort unda og eg var ikkje fullt så trøytt etterpå. Håpet om ein fin haust minskar etterkvart som dei regnfulle dagane dukkar opp. Trimpostane har eg gjett meg på. Berre stress og haste etter dei. Dessutan er hjortejakta starta og då likar eg ikkje å gå så mykje i skogen. Held meg helst på vegane, ja.
Vekta er stabil og det er ein god ting. 60 kg er trivsel.

1 kommentar:
Utrolig imponerende! :)
Legg inn en kommentar