Det er haust no og været bær preg av det. Ikkje så kaldt at det gjer noko, men det er det regnet som kjem og går no for tida. Eg ajr eit aldri så lite håp om at det kan verte nokre fine dager før vinteren slår til. Er glad i denne årstida berre været klaffar med gode temperaturar og fin sol. Det einaste er denne hersens hjortejakta som startar 10.sept. Vonar at dei jaktar mest om helgane slik at eg kan ta eit par turar i veka når eg har fri. Eller så vert det bassenget.
Vekta er stabil. Dvs. 59,7 kg som sist måndag. Har vegd meg kvar dag denne veka og talet har vore lågare, men 200-300gram i variasjon er då heilt normalt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar