Sjølv har eg vore på vekta og dansinga denne helga har gjeve resultat. -1kg siste veka og no er tala 62 kg og ein bmi på 26,5. Det kan ein like.
Fekk mykje merksemd på denne festen og folk var overvelda og glade på mine vegne. Sjølvbildet mitt er blitt mykje betre og sjølvtilitten har stege mange hakk. Eg er normalvektig og lukkeleg. Svevde over golvet i armane på min stilige nevø i uniform og kjende at lukka sprengde på i brystet. Eg er så takknemlig for at eg har fått hjelp til å kvitte meg med desse kiloane og fått blomstre på nytt

1 kommentar:
Det er helt utrolig for en forandring du har gått igjennom. Skjønner godt at du fikk masse oppmeiksomhet. Det fortjener du jammen i meg også sånn som du har stått på.
Gleder meg med deg Helen !
Legg inn en kommentar