søndag 26. juni 2011

Støylen opp og ned

I dag har det vore eit nydeleg vær, og så langt har eg nytta dette til ein tur på støylen. Gjekk opp skogsvegen og kosa meg ei stund med vatn og nøtter att med selet til Eli-Britt og Kjell. Gjekk same vegen nedatt. Det er er herleg å berre kunne bestemme seg for at i dag tek eg meg ein tur i fineværet og glede seg over det. Brukar ikkje ein time ein gong på å gå opp i motsetnad til om lag to timar dei første gongane. Eg er i fin form og er på eit nivå eg trivast i. Det er ikkje meg i mot at ting stabiliserer seg no. Trur eg kan roe ned både med vekt og stress og heller berre nyte turane og svømmetreninga slik som det er i dag. Ja, og sjølvsagt rockeringen. Livet er godt.

Ingen kommentarer: