onsdag 8. juni 2011

Omveg

I dag har det vore eit vedunderleg vær og det har eg utnytta så godt som mogleg. Trass i fridag og pent vær måtte eg på eit par møter på jobben. I staden for å setje meg i bilen å køyre opp til Vassenden, så gjekk eg. Etter tre og ein halv time med fagleg input var det fortsatt fint ute så eg gjekk heimatt også. Sidan det ikkje var noko som hasta i heimen tok eg like godt vegen oppover Bjørkelia opp til Kvamstøylen og ned skogsvegen. Omveg på omlag 8 km. I dag har eg lagt bak meg nesten 15 km. Det er eg fornøgd med, men det vert ikkje kvar dag.


                                                  

Ingen kommentarer: