Ein tur på butikken i dag tok usedvanleg lang tid. Heile fire gongar vart eg stogga av kjende som kommenterte vektnedgongen og skrytte av kor flott eg er. Eg likar dette at folk gjev uttrykk for at dei er glad på mine vegne. Er open om operasjonen og tilbakemeldingane er berre positive på dette. Kjenner mange fine folk :o)
Har gått ein tur i skog og mark frå Kvammen, rundt golfbana og nedatt til Casa del Lemoen. Dette er ein tur som eg brukar ca. ein time eller litt meir.Kan hende nokon synst det er rart, men eg er verkeleg glad i å gå i naturen med ei lydbok eller musikk på øyret. Nyte naturen og lydane i den gjer eg når eg set meg ned og tar ut øyreproppane. Har enkelte stader rundt om der eg kan sitte og lytte til stilla når eg går lengre turar. Musikk og lydbok hjelper meg å komme ut når det er grisevær også.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar