søndag 22. mai 2011

Mila, sjølvsagt

Etter å ha vore på flyplassen med soldatmonsteret bestemte eg meg for å gå ein tur sjølv om været såg trugande ut. Mot normalt begynte det ikkje å regne, men sola titte fram eit par gonger og hjalp til at lysta til å gå mila kom. Så det gjorde eg. Gjekk heimafrå og opp til Vassenden og nedatt. Jammen var det godt med ein laksebete til middag etterpå.
Alt i alt vart ikkje denne veka så "lat" likevel då. Ei mil på måndag og ei mil i dag må vere bra.
Det beste har vore handelen av skinnjakka og tunikaen. Eg kjenner endå på den gode kjensla der Gunn-Bente på "Arkja" lett fann klede som eg skulle prøve og som passa. Smatt inn i det eine plagget etter det andre. Der var ein anna tunika som var kjempefin, men prisen var drepande for å sei det mildt. Eg har nok ein dyr smak. Det neste eg no må ha er eit par finare sko og nokre lette sommarsko. Alltid utfordringar.

Ingen kommentarer: