Denne fridagen har eg brukt til snoking i butikkar etter 17.mai klede, prøving, bestemming og ombestemming. Det vart ein bluse og ei kort bukse i dongeristoff. Prøvde eit par sommarkjolar som kan bli aktuelle når skattepengane kjem. Har også merka meg at prøveromma er vorte større....eller? Litt dårleg lys på bilete sidan eg ikkje torde å ha blitzen på då eg knipsa det.
Seinare i kveld var det dei vanlege metera i symjebassenget og i dag gjekk det fort fekk eg beskjed om. Det er gode greier. Fornøgd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar