mandag 16. mai 2011

Dagen før dagen.

Det kan sjå ut som eg har sovna i sokkane , men eg er i farta. Symjing på torsdag og ein tur rundt golfbana laurdag. I kveld vart det jammen ein tur "Vassenden Rundt" heilt utan at eg var tenkt til det. Gløymde heilt å svinge av ved golfbana fordi eg var så oppteken av digi-boka: "Fatimas Hånd". Brått var eg kommen langt opp langs "Burma-vegen", så eg heldt likegodt fram.
Sidan det er måndag har eg vore ein tur på vekta og den viste det same som sist måndag. Ingen grunn til panikk for eg har mine sykluser så dette er ikkje noko prpblem.
I morgon er det 17.mai og eg har faktisk fri. Sidan værmeldingane ikkje er så bra har eg droppa å kjøpe kjole. Det vert Tights, bluse, cardigan, støvlettar og trenchcoat med hekla 17.mai-rosett. Tenkte eg skulle sjå på barnetoget og ta meg ein kopp kaffe eller to i godt selskap. Lukke til med dagen!


17.oktober-10 og 16.mai-11 (7mnd.postop.)

Ingen kommentarer: