lørdag 12. mars 2011

Snøfall og symjing

Vakna opp til 30 cm nysnø i dag og fekk trimma meg litt for å få fram bilen før eg drog til Førde for å symje.
Det er godt og starte dagen med 1500 meter i bassenget ein laurdagsmorgon.
Etterpå tok eg meg ein tur til sentrum og kikka i butikkar for å finne klede som eg kunne bruke. Sikkert mykje som kunne kle meg, men eg har fremdeles problem med å sjå meg i anna enn store gensera, skjorter og bukser i storleik xxxl. Ja, ja, det kjem seg vel ein gong.
Eg pausa med eit hyggeleg kafèbesøk med Ida, Sandra og vesle Øyvind.
Så var det ei ny runde der eg til slutt fekk nye unemnelige plagg.

Så legger eg ut nokre nye bileter :-)






Ingen kommentarer: