torsdag 31. mars 2011

Kampanjesvømming

I dag var det siste dagen for kampanjen til Norges svømmeforbund der ein kan vere med i ei trekning om tur til Playitas visst ein svømmer 10 000 meter. Desse tre månadane har eg lagt bak meg ganske nøyaktig 30 250 meter og er veldig fornøgd med innsatsen min. Det vart 1500 meter i kveld også sjølvsagt :)
Det er mildare ute no og eg forventer at det er slik det vert framove. i morgon byrjar vi på april og då bør det etterkvart komme fleire vårteikn. Eg er noko utålmodig no. Vil gå turar på bar mark. Men eg skal nok alltid få mosjonert Vassenden rundt ei stund til. Det er godt nok det :)

Ingen kommentarer: