lørdag 12. februar 2011

Symjing, kafè og handel

Hyggeleg laurdagssymjing i lag med Cecilie og Ingunn i dag. Eg tok det med ro med berre 1000 meter i dag. Det er då helg. Somla i garderoben før vi reiste på Deli Vita og kjøpte oss mat og drikke. På meg vart det te, appelsinjuice og grovt rundstykke med skinke. Fekk i meg rundstykket omsider, men måtte gje meg på drikka. Det var fullt.
Etter det vart det litt handling. Kjøpte meg ei jakke å bruke i kvardagen i kulda på Cubus. Ingunn fann eit par øyredobber og ein ring med uglemotiv som ho meinte eg burde ha og eg var einig. Ellers vart det eit par naudsynte, men unemnlege plagg.
Dagen vart avslutt på kafèen på Coop Xtra med omelett på skive der eg åt halvparten av omeletten og tok med meg resten heim. Det har vore ein fin dag.

Ingen kommentarer: