I dag er det siste dagen i februar og mars er i startgropa. det nærmar seg vår med store steg. Det kan ein verkeleg like.
I helga var eg ein tur til Oslo i lag med Ole og Torbjørn. Vi reiste for å få med oss Queen-musikalen "We Will Rock You" Det var verkeleg ei oppleving. Anbefalast. den skal gå til siste helga i mars.
Eg såg på maten som ei utfordring sidan ein må kjøåe mat på kafèar og restauranter når ein er ute og reiser slik.
Men på laurdagen kom løysinga. Kina-restaurantar og der ein kan kjøpe tapas. På restauranten "A Taste Of China" hadde dei mange småretter og velge i mellom til ein billeg peng og eg kjøpte meg to små vårrullar som eg fekk i meg på ein skikkeleg måte utan å legge igjen noko.
Ellers har eg vore på vekta i dag i dag. Den viste 71,1 kg og ein bmi på 30,3, så det det går nedover, ja. Det går seinare etterkvart, men det er vel kan hende ein fordel så ein ikkje går alldeles i kjellaren.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar