Jammen vart det bading på tausa i dag også. tre økter på ei veke er ikkje verst. Er no kommen opp i 7500 meter i år. Synst synjing er eit fin-fint alternativ når været ikkje spelar på lag i heile teke. Etterpå tok Ingunn og eg ei te- og appelsinjuice-økt på Deli Vita før vi handla litt forsiktig og sette nasen heim. Ein fin laurdag.
Har også stole ei jakke av Ole i dag. Han har hatt hengande ei regnjakke som han omtrent ikkje har bruka og den passer meg no. Kjekkt med ting som passar.
Ute er det eit utriveleg vær med sterk vind. Innedag, absolutt innedag. Seinare i dag skal eg opp til Fletens og sjå på film. Flott med heimekino. The Lovely Bones eller Alle Mine Kjære står på plakaten i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar