Så er kvardagen kommen etter denne jule- og nyårstida og rutinane er etterkvart på plass att. Det har vore rolege dagar i heimen når eg ikkje har vore på arbeid. Nyårsafta var spesiellt roleg sidan det ikkje var noko rakettoppskyting i grenda. Men det dundra godt i fjella likevel og det var eit flott skue innover mot byggefelta.
Matmessig har det godt fint. Har hatt nokre anfall med vondt i magen etter å ha gløymt å ete sakte eller skjære vekk det feitaste på kjøtet. Aktiviteten har ikkje vore så stor så ein kan trygt seie at eg har slappa godt av.
Difor har vekta stått bom stille. Verken opp eller ned. Kjem vel litt kvinnfolkting inn i bilete også. Ingen katastrofe i allefall, for det er normalt med slike platå inn i mellom.
Men det skal vere ei råd med å få røre seg framover for det er meldt rikeleg med snø denne veka. Og så skal eg svømme, sjølvsagt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar