torsdag 25. november 2010

Nok ein kald dag.

Det har vore nok ein kald dag i Kvammen. -13 grader gjer det ikkje freistande å gå ut. Men ut måtte eg. Det var personalmøte kor alle skulle vere samla og det er greit og få med seg kva som rører seg før ein starter oppatt.
Kosleg å treffe at dei fleste og vise at eg har det bra. Der var frukt og nøtter av ulikt slag. Eg koste meg med ein clementin og nokre valnøtter.
I kveld har eg vore i bassenget og svømt mine 1500 meter. Litt bedre plass i dag og det var deilig og gli gjennom vatnet i fred og fordrageligheit. Sidan det er så kaldt ute kuttar eg ut turar. Eg frys jammen nok som det er om eg ikkje skal utsette meg for meir kulde.

Ingen kommentarer: